Søk
Norge Verden Emnekatalog Firmasøk Personer Nyheter
Dato i dag:

Første vinterstormen skapar problem
(Hallingen 15/11-2001)
Hard vind i natt skapar problem på vegane i Hallingdals-regionen no morgontimane. Den harde vinden førte også til straumbrot mellom anna på Ål.

Kraftige vindbyger førte til at tre brakk og vart liggande over vegen både på riksveg 7 i Breie og ved Torpomoen i Ål og på riksveg 52 mellom Gol og Hemsedal.

I skrivande stund er riksveg 50 Hol -Auland er stengd , riksveg 7 er berre open for tunge køyretøy og på riksveg 52 Hemsedalsfjellet er det vanskelege køyreforhold.

Straumbrot førte til utfall av radiosendarar og mobiltelefonnett. Mildver og vind fører til vanskelege køyretilhøve no på morgonen.

Meir hjå Vegvesenet

Attende til hovudsida

Meir aktuelt stoff frå Hallingdal